Sophus Tromholt () var ein dansk-norsk nordlysforskar Moss, K. and Stauning, P. (2012): Sophus Peter Tromholt: an outstanding pioneer in auroral research, Hist. Geo Space. Sci., 3, 53-72, 2012; http://www.hist-geo-space-sci.net/3/53/2012/; doi:10.5194/hgss-3-53-2012 og dyktig amatørfotograf, og vert rekna som ein av pionerane i norsk etnografisk fotografi. Tromholt var realfagslærar av utdanning, og kom til Bergen i 1875 der han underviste ved Tanks skole. Den store interessa hans var nordlysundersøkingar og som norsk statsstipendiat oppheldt han seg i Kautokeino i Finnmark for å studere nordlys i 1882–1883.
Tromholt var ein dyktig fotograf som på reisa si tok mange bilete av landskap, folkeliv og samar, og publiserte ved tilbakekomsten til Bergen ein fotografisk portfolie under tittelen «Billeder fra Lappernes Land» (Bergen 1885). Han publiserte i 1885 òg ei reisebok på norsk og engelsk frå tida si i Kautokeino: «Under Nordlysets straaler» (København 1885)Bibsys - Sophus Tromholt: Under Nordlysets Straaler : Skildringer fra Lappernes Land, versjon 2007. ISBN 978-82-7367-011-3. og «Under the Rays of the Aurora Borealis» (Boston 1885). Fotografia finst i dag på Billedsamlingen - Universitetsbiblioteket i Bergen.
Samlinga består av 231 glasnegativ og 189 originalkopiar og er ein del av Noregs dokumentarv og på UNESCO si liste over verdsminne.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sophus Tromholt» frå , den 14. juni 2013.
Bakgrunnsstoff Billedsamlingen ved UB-UiB (Universitetsbiblioteket i Bergen) Sophus Tromholts digitale samling på Billedsamlingens database Marcus Sophus Tromholt Collection på UNESCO Sophus Tromholt på KulturNav
Kategori:Norske fotografar Kategori:Norske astronomar Kategori:Danske fotografar Kategori:Danske astronomar Kategori:Noregs dokumentarv Kategori:Verdsminne