Graviton er i fysikk ein hypotetisk elementærpartkkel som formidlar gravitasjon innanfor ramene til kvantefeltteori. Om han finst er gravitonet venta å vere masselaust (fordi gravitasjonskreftene verkar å ha uendeleg rekkevidd) og må vere eit spinn-2-boson. Spinnet kjem av at kjelda til gravitasjonen er stress-energi-tensoren, ein andregrads tensor. I tillegg kan det visast at alle masselause spinn-2-felt ville gjeve ein kraft som ikkje kan skiljast frå gravitasjonen. Dette indikerer at om ein oppdagar ein masselaus partikkel med spinn 2, så må det vere gravitonet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Graviton» frå , den 15. juni 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Boson Kategori:Gauge-boson Kategori:Kvantegravitasjon Kategori:Strengeteori Kategori:Hypotetiske elementærpartiklar