Eli Bjørhusdal () er ein norsk professor, skribent, bloggar og målkvinne. Bjørhusdal har tidlegare vore nestleiar i Noregs Mållag og sentralstyremedlem og nestleiar i Norsk Målungdom.
Utdanning og karriere Bjørhusdal har doktorgrad (ph.d.) frå Universitetet i Oslo 2014 med avhandlinga Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005. Avhandlinga er ein argumentasjonsanalyse av offentlege språkpolitiske styringsdokument frå jamstillingsvedtaket i 1885 til 2005. Avhandlinga konkluderer med at norsk språkpolitikk i perioden ikkje har vore grunngjeve med å styrkje mindretalsspråket nynorsk, men med å styrkje ein språkleg nøytralitetspolitikk.
Bjørhusdal har nordisk hovudfag frå Universitetet i Oslo (ferdig vår 2000). Ho skreiv i hovudfagsoppgavå Målkvinner før 1900 om målrørsla, målkvinner og kvinnepolitikk. Denne vart publisert som ein del av bokserien Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet i 2001. Etter hovudfaget tok Bjørhusdal praktisk-pedagogisk utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (ferdig vår 2001). I hovudoppgåva går Bjørhusdal i rette med tidlegare framstillingar av målrørsla som mannsdominert og kvinneundertrykkjande. Ho argumenterer for at målrørsla før 1900 var langt framme i praktisk kvinnepolitikk og at målkvinner som Aasta Hansteen, Hulda Garborg og Synnøve Riste var damer som representerte ein bygdefeministisk norskdomstradisjon.
Fram til 2005 jobba Eli Bjørhusdal som lektor i i grunnskulen og i vaksenopplæringa i Luster kommune. I 2006 vart ho tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som stipendiat i norsk. Frå 2012 var ho høgskulelektor i norsk same stad og frå 2014 førsteamanuensis. Sidan 2000 har ho vore busett i Jostedalen i Luster kommune.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane oria.no
Kjelder Allkunne Høgskulen på Vestlandet Bjørhusdal sin eigen blogg: Jostedalsrypa
Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane Kategori:Norske forfattarar Kategori:Målfolk Kategori:Forfattarar frå Luster Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Luster Kategori:Professorar ved Høgskulen på Vestlandet