mini|Motstandar av ulike fysiske storleikar. mini|høgre|Elektrisk motstand Elektrisk motstand eller elektrisk resistans er ein storleik som uttrykkjer i kva grad ein leiar hindrar elektrisk straum i ein i å flyta i eit materiale. Elektrisk motstand er forholdet mellom elektrisk spenning og elektrisk straum:
,
der U er elektrisk spenning, målt i volt (V) og I er elektrisk straum, med eininga ampere (A). SI-eininga til motstand er ohm (Ω). Relasjonen over er kjent som Ohms lov.
Fysiske samanhengar
Leiingsevne
Elektrisk leiingsevne (konduktivitet) er ein storleik som utrykkjer det inverse av elektrisk mostand
.
og vert målt i siemens, uttrykt med symbolet S.
Effekt avsett i motstand Når det flyt ein straum gjennom ein motstand vert det avsett ein effekt P i motstanden lik produktet av straum og spenning:
.
Over eit visst tidsrom fører effekten til at motstanden får tilført termisk energi. Eininga for effekt er watt (W) og eininga for energi er joule (J), eller watt gongar timar (Wt).
Sjå òg Potensiometer (variabel motstand) Resistivitet, eller spesifikk motstand Impedans Induktans Kapasitans SI-systemet
Kategori:Fysiske storleikar Kategori:Elektriske krinsar Kategori:Elektrisitet