York er ein by nord i England. Byen er kjend for å ha mange bevarte historiske byggverk, mellom anna ein nokså fullstendig bymur. Han var hovudstad i vikingkongedømet Jorvik.
Byen ligg på møtepunktet mellom elvane Ouse og Foss. York har tradisjonelt vore hovudbyen i grevskapet Yorkshire. Han er i dag ei sameint styresmakt i det seremonielle grevskapet North Yorkshire.
mini|venstre|Frå mellomaldergata The Shambles i York. mini|venstre|Clifford Tower.
Historie Byen blei grunnlagd som eit romersk fort i år 71. Som Eboracum blei det ein viktig militærbase, og to romerske keisarar døydde her: Septimius Severus i 211 og Constantius Chlorus i 306.
Etter at romarane trekte seg tilbake, blei staden brukt som handelshamn av angelsaksarane, og kalla Eoforwic. Men i november 866 blei han teken av ein "stor vikinghær", fortel angelsaksiske krønikeskrivarar. Vikingane gjorde han til hovudstaden i eit stort kongerike kalla Jorvik, og byen blomstra.
I 954 blei den siste vikingkongen, Eirik Blodøks, utvist frå riket, og det blei innlemma i den nylaga angelsaksiske staten. Men ein kan framleis sjå spor etter dei norrøne innbyggjarane, som i namna på gatene, som gjerne heiter noko med "gate", til dømes Micklegate ('Storgata').
Verdt å sjå York har fleire gamle bygg, som Clifford Tower, eit forsvarstårn på ein bakketopp, og York Minster, som er den største mellomalderdomkyrkja i England. Saman med bymuren og dei bevarte mellomaldergatene gjer desse byen til eit trekkplaster for turistar. I tillegg har York eit rikt gateliv, som organiserte turar med spøkjelsesforteljingar og diverse gateunderhaldning.
Det ligg òg mange museum i byen, mellom anna Yorkshire Museum, jarnbanemuséet National Railway Museum, skrekkmuséet York Dungeon, og vikingmuséet Jorvik Viking Centre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «York» frå , og «York» frå den 8. november 2005.
Denne artikkelen bygger på «Jorvik» frå , den 8. november 2005.
http://www.york.ac.uk/inst/cms/centre/about.htm
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i North Yorkshire Kategori:Busetnader grunnlagde i første hundreåret Kategori:Sameinte styresmakter i England Kategori:Hansaen Kategori:Distrikt i Yorkshire og Humber