mini|Riss av det tenkte omfanget til Doggerland for 10 000 år sidan.

Doggerland er eit namn gjeve av arkeologar og geologar om eit tidlegare landområde som no ligg sør i Nordsjøen. Landet låg over havnivå under og etter siste istid, fram til rundt 6500-6200 f.Kr., då det gradvis blei overfløymt. Det batt saman øya Storbritannia med kontinentet (Danmark, Nord-Tyskland og Nederland). Berre Norskerenna skilde landet frå dagens Noreg.

mini|Hypotetisk kart over Doggerland (ca. 8000 f.Kr.)

Både fiskarar og forskarar har funne ulike leivningar etter dyr og menneskeleg aktivitet frå steinalderen her. Namnet «Doggerland» blei gjeve til området på 1990-talet av professor Bryony Coles for å vektlegga at området ikkje berre var ei landbru mellom Storbritannia og Kontinentet, men eit landområde steinalderfolk kunne leva på. Området blei kalla opp etter Doggerbanken, som var eit høgland i Doggerland. «Nordsjølandet» og «Nordsjøfastlandet» er andre ord som er brukt om det same geografiske området.

Det undersjøiske Storeggaraset rundt 6100 f.Kr. kan ha funne stad like før eller kort tid etter at Doggerland blei heilt oversvømt. Raset skapte ein veldig tsunami som heilt skilde Storbritannia fra Kontinentet.

Bakgrunnsstoff

«North Sea Paleolandscapes» , Institute for Archaeology and Antiquity, University of Birmingham «North Sea Prehistory Research and Management Framework (NSPRMF) 2009», English Heritage, 2009 «The Doggerland project» , Professor Bryony Coles, University of Exeter. CGI-bilete og film av ein mesolittisk leir ved Shotton-elva «Das rekonstruierte Doggerland», datagenererte biletea av eit Doggerland-landskap Der Spiegel «Hidden Doggerland underworld uncovered in North Sea», BBC News, 3 July 2012 «Doggerland lost» , Q-mag.org, Feb. 2013

Litteratur The Rediscovery of Doggerland, by Vincent Gaffney, Simon Fitch & David Smith, Council for British Archaeology, 2009, ISBN 1-902771-77-X Doggerland: a Speculative Survey, by B.J. Coles, Proceedings of the Prehistoric Society, 64 1998 pp 45–81. Mapping Doggerland: The Mesolithic Landscapes of the Southern North Sea, V. Gaffney, K. Thomson and S. Fitch (editors), 2007, Archaeopress. Discussed in depth in chapters 2-4 in Before Scotland: The Story of Scotland Before History, Alistair Moffat, 2005, Thames & Hudson Inc. ISBN 978-0-500-05133-7

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Doggerland» frå , den 11. juli 2013.

Kategori:Geologihistorie Kategori:Nordsjøen Kategori:Steinalderen i Europa