Haandbryggeriet er eit bryggeri i Drammen. Det vart grunnlagt i 2005. Bryggeriet produserer ei rekkje ulike typar øl, både med alkoholstyrke for butikksal og sal på Vinmonopolet. Alt ølet deira er overgjæra,Går i nye tanker - Drammens Tidende. Lese 13. juli 2013 og ingen vert filtrert, pasteurisert eller tilsett kunstig kolsyre.Haandbryggeriet - NORØL. Lese 13. juli 2013
Bryggeriet vart først starta opp i ein gamal tekstilfabrikk i Drammen, før dei i 2011 flytta til nye produksjonslokale. Samstundes tredobla dei produksjonskapasiteten sin frå 900 liter per parti øl.Stor interesse for lite bryggeri - Drammens Tidende. Lese 13. juli 2013 Bryggeriet vert rekna som eit kvalitetsbryggeri, og var i 2011 rangert som det beste bryggeriet i Norge, og det 48. beste i verda av brukarane på nettstaden RateBeer.Kåret til landet beste - Drammens Tidende. Lese 13. juli 2013
Øl Bryggeriet har eit basisutval av øl dei alltid produserer, i tillegg til sesong- og spesialbrygg.Beers - haandbryggeriet.net. Lese 13. juli 2013
Basisutval Sundland Kreosot (6,5%) Pale Ale (4,5%) Ardenne Blond (7,5%) Hesjeøl (6,5%) London Porter (4,5%) Norwegian Wood (6,5%) Blondie (4,5%) Fyr og Flamme (6,5%) Norse Porter (6,5%) Dark Force (9%) Humlesus (4,5%) Belgisk Pale Ale (6,5%) Bavaria (4,5%)
Sesongøl Nissefar (7%) Krekling (7%) Tindved (7%) Nissemor (6%) Bestefar (9%)
Spesialøl Sur Megge (8%) Røyk Uten Ild Dobbel Dose (9%) Costa Rica (6,5%) Haandbakk (8,5%) Haandbic Odin's Tripple (11%) Blåbic (7,5%) Fatlagret Porter
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske bryggjeri Kategori:Føretak i Drammen Kategori:Føretak skipa i 2005 Kategori:2005 i Noreg