Lainate er ein forstad og ein kommune i provinsen Milano i Lombardia-regionen i Italia. Kommunen, som har i kring 25 000 ibuarar og omfattar eit areal på 12,9 km², er delt opp i dei tre landsbyområda (frazioni) Barbaiana, Grancia og Pagliera. Lainate ligg ei 15 kilometer nordvest for bysentrum i provinshovudstaden Milano.

Den multinasjonale konfekt-produsenten Perfetti Van Melle, særleg kjend for mintdropset Mentos, har sitt hovudkontor i Lainate.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lainate» frå , den 15. juli 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Lombardia