Asak kyrkje er ei langkyrkje frå 1893 i Halden kommune i Østfold fylke.

Byggverket er i tegl og har 400 plassar. Det er bygd i ein enkel, nygotisk stil.

Inventar Altartavla med motivet «Jesus i Getsemane» av austerrikaren Edvard Steinle stod tidlegare i Oslo domkyrkje, der ho var ein del av Alexis de Chateauneufs ombygging i nygotikk i 1848–1850.

Preikestolen er sekskanta og har bilete av dei fire evangelistane måla av Laura Schultz. Døypefonten er frå 1700-talet og er laga av tre. Han har ein ryggvirvel av ein kval som midtstykke. Denne ryggvirvelen vart funnen i Tista i 1682.

Orgelet er frå 1927.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Asak kirke» frå , den 16. juli 2013. Bakgrunnsstoff

Kyrkjesøk – Asak kirke Lokalhistoriewiki – Asak kirke (Halden)

Kategori:Kyrkjer i Halden Kategori:Kulturminne i Halden Kategori:Kyrkjer i Søndre Borgesyssel prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1893 Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme