Tuvinsk (kyrillisk тыва дыл, tyva dyl eller tıva dıl) er eit nordtyrkisk språk som vert snakka av omkring 253 700 tuvinarar i Russland (ved folketeljinga i 2010),Vserossijskaja perepis naselenija 2010 - Folketeljinga i Russland 2010 hovudsakleg i republikken Tuva i sør i sentrale Sibir dessutan av om lag 27 000 i Mongolia og Kina. Språket har lånt eit stort antal røter frå mongolsk og eit fåtal ord frå russisk.

Tuvinsk kan delast inn i fleire dialekter, og skilnadane på dei er relativt store. Blant desse kan ein nemne tozja, vestleg tuva, erzin, kungurtuch med fleire.

Ortografi Språket sitt fyrste skriftsystem, ein variant av det latinske alfabetet med nokre spesialteikn for å spegle tuvinsk sin lyd, vart oppfunne av den tuvinske buddhistmunken Mongusj Lopsan-Tjimit i byrjinga på 1930-talet. Det latinska alfabetet vart i 1941 erstatta med ein variant av det kyrilliske alfabetet som utover det russiske kyrilliske alfabetet inneheld bokstavane Ңң ('ng'; [ŋ]), Өө ('ö'; [ø]) og Үү ('ü'; [y]). Etter Sovjetunionen sitt fall har det vakse opp ei viss interesse for å igjeninnføre det latinske alfabetet.

Fotnotar

Kategori:Tyrkiske språk Kategori:Nordtyrkiske språk Kategori:Språk i Russland Kategori:Einskildspråk