Rødenes kyrkje er ei langkyrkje i Marker kommune i Østfold. Kyrkja er frå 1200-talet — somme seier 1230 — og er av stein med puss, medan gavlane er av tre og kledde med spon. I 1703–09 vart kyrkja utvida og fekk den takryttaren ho framleis har. Våpenhuset er frå 1949–52, men kyrkja hadde òg tidlegare våpenhus. Sakristiet på nordsida av koret er opphavleg frå 1700-talet, men har vorte gjort om på fleire gonger.

Kyrkja var i si tid garnisonskyrkje for Basmo festning, og altartavla seiast å vere ei gåve frå kommandanten der, Christian Hansen Sarpsborg.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Marker Kategori:Kulturminne i Marker Kategori:Kyrkjer i Østre Borgesyssel prosti Kategori:Freda bygg i Østfold