Sødorp kyrkje er ei krosskyrkje på Vinstra i Nord-Fron kommune i Innlandet.

Kyrkja vart oppført i 1750–52 av byggmeistrane Erland Bryn og Hans Sæter. (Per Korpberget vert av og til nemnt i samband med kyrkja, men det kan vere fordi han har bygd så mykje anna i området.) Kyrkja stod på Sødorp, sør på Vinstra, til 1910. I 1850 bles tårnet ned, og kyrkja fekk eit lågare spir. Så vart kyrkja flytta til prestegarden Nordgard Brandvold, og då fekk ho igjen eit høgt spir. Nokre år seinare vart Sødorp kapell bygd på den gamle kyrkjestaden, som er frå mellomalderen.

Inventaret frå gamlekyrkja vart overført til den nye kyrkja, men i 1762–65 laga Kristen Listad både altartavle, preikestol og korboge med kongemonogram (for Frederik V). Han skar òg eit krusifiks samt relieffigurar av Peter og Sakkeus på to av dørene. Inventaret har vore overmåla, men er seinare fargerestaurert. Orgelet er digitalt.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd Kyrkjene i Nord-Fron (Norsk nettskole)

Kategori:Kyrkjer i Nord-Fron Kategori:Kulturminne i Nord-Fron Kategori:Kyrkjer i Nord-Gudbrandsdal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1750-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg