Lørenskog kyrkje er ei langkyrkje i Lørenskog kommune i Akershus fylke.

Kyrkja er av stein (men vesttårnet av tre, i bindingsverk), og kyrkja vart oppført i mellomalderen, truleg ein gong i tidsrommet 1150–1250. Tårnet seiast å vere frå 1864, sjølv om årstalet 1861 er på vindfløya. Eit mursakristi frå 1694 vart i 1895 erstatta med to tresakristi, som so vart erstatta med eit nytt i 1946.

Interiøret vart pussa opp i 1935 og inventaret restaurert av Finn Krafft. Ny oppussing følgde i 1956.

På kyrkjegarden, som er kommunens einaste, står eit gravkapell frå 1923.

Bilete

Kjelder

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Lørenskog kirke i «Norges kirker» Lokalhistoriewiki om kyrkja

Kategori:Kyrkjer i Lørenskog Kategori:Kulturminne i Lørenskog Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Nedre Romerike prosti Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:Freda bygg i Akershus