«Who'll Stop the Rain» er ein song av John Fogerty og spelt inn av Creedence Clearwater Revival i 1970 for albumet Cosmo's Factory. I lag med «Travelin' Band» vart songen gjeve ut som singel og nådde andreplassen på Billboard Pop Singles-lista. I 2004 og 2012 vart songen rangert på 188. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Historie
Tekstmessig er «Who'll Stop the Rain» delt inn i tre vers med eit vers i fortida, eit i nyleg fortid og eit i notida. Alle versa gjev ei kjensle av at noko ikkje er som det skal vere, men seier ikkje kva, berre at problema må handsamast av dei som ønskjer å fikse dei.
Musikalsk står songen i kontrast til den 50-talsrock-inspirerte «Travelin' Band» og har ei meir akustisk folkrock kjensle. Som mange folkrocksongar starta han med eit akustisk gitarriff, men akkompagnementet gjennom songen har meir ein roots-rock-stil enn det ein høyrer på meir vanlege folkrocksongar. Sidan songen kom i 1970 og den noko truande kjensla i songen, er det mange som har rekna «Who'll Stop the Rain» som ein protest mot Vietnamkrigen. John Fogerty sa om songen i Rolling Stone
Andre versjonar Songen vart mykje spelt av Bruce Springsteen på konsertturneen hans i 2003. Springsteen og E Street Band opna med «Who'll Stop the Rain» kvar gong det regna.http://www.songfacts.com/detail.php?id=1919
Då Creedence Clearwater Revival vart innlemma i Rock & Roll Hall of Fame i 1993 spelte Springsteen songen i lag med John Fogerty. Songen er òg spelt av Rudy Rotta, Rod Stewart, Rise Against, Courtney Jaye, The Ventures, Vince Neil og finst på konsertalbumet til John Fogerty frå 1998, Premonition. The Stereophonics har ?og spelt inn songen.
I 2013 spelte Fogerty inn songen for albumet Wrote a Song For Everyone i ein duett med Bob Seger.
Salslister og trofé
Vekeslister
Liste (1970) Plassering
Salstrofé og salstal
I andre media Songen er spelbar i videospelserien Rock Band.
I 1978 vart songen nytta i filmen Who'll Stop the Rain. I filmen spelar Nick Nolte ein Vietnam-veteran. Han skulle opphavleg heite Dog Soldiers etter boka han er basert på, men då produsentane fekk rettane til songen, endra dei tittelen. Songen finst òg i filmen Powwow Highway frå 1989. Både originalen og ein langsamare versjon av Courtney Jaye finst i filmen December Boys. Eit klipp av songen finst i filmen The War.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Who'll Stop the Rain (song)» frå , den 17. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Creedence Clearwater Revival-songar Kategori:Songar skrivne av John Fogerty Kategori:Fantasy Records-singlar Kategori:Songar produserte av John Fogerty Kategori:Bruce Springsteen-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Garth Brooks-songar 188 Kategori:Songar om vêr Kategori:Songar om depresjon