Kvam herad er ein kommune i Hardanger i Vestland fylke. Kommunen grensar i nord mot Vaksdal, i nord og aust mot Voss i sør mot Kvinnherad, og i vest mot Bjørnafjorden og Samnanger. I aust ligg Hardangerfjorden og på austsida av fjorden ligg Ullensvang.

Kvam ligg om lag ein times køyring frå Bergen. Kommunen har tre tettstadar: Norheimsund, Øystese og Ålvik og mange mindre bygder, mellom anna Strandebarm, Fykse, Innstranda, Mundheim, Omastrand, Steinsdalen, Tørvikbygd og Vikøy. Fjellplatået mot Bergen vert kalla Kvamskogen og er ein populær utfartsstad for bergensarar og andre hordalendingar. På Kvamskogen er det kring 1500 hytter, 16 skitrekk og 50 km langrennsløyper.

Kvam er ein av dei få kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Ein person som kjem frå Kvam herad vert gjerne kalla ein kvemming.

mini|Norheimsund mini|Ingebrigt Vik-museet i Øystese mini|Tørvikbygd

Historie Namnet «Kvam» kjem av gamalnorsk Hvammr, som tyder '(liten) dal'. Truleg gjeld dette Steinsdalen som strekkjer seg vestover frå Norheimsund. Vikøy kyrkjesogn vart til Vigør herred 1. januar 1838, omdøypt til Kvam Herad i 1912. 1. januar 1882 vart garden Kjepso flytt til Kvam frå Ullensvang, og delar av Strandebarm vart lagt til 1. januar 1965.

Historisk innbyggjartal År 1769 1801 1815 1825 1835 1845 1855 1865 1875 1890 1900 Innbyggjartal 2.507 2.929 3.049 3.437 3.912 4.246 4.558 5.002 5.360 5.642 5.977 År 1910 1920 1930 1946 1950 1960 1970 1980 1990 2001 2006 innbyggjartal 5.961 6.434 6.628 7.699 7.952 8.939 8.839 8.752 8.700 8.511 8.306

Tusenårsstad Tusenårsstaden i Hordaland, kunsthuset Kabuso, ligg i Øystese

Politikk Kommunestyret har 27 representantar. I perioden 2019-2023 er åtte parti representerte:Valgresultat for Kvam – Valg 2019 – NRK

Senterpartiet 8 mandat Høgre 2 mandat Arbeidarpartiet 6 mandat Kristeleg Folkeparti 3 mandat Miljøpartiet De grønne 2 mandat Framstegspartiet 4 mandat Raudt 1 mandat Sosialistisk Venstreparti 1 mandat

Torgeir Næss (Ap) er ordførar i perioden.

Næringslivet i Kvam Dei største arbeidsplassane i Kvam er smelteverket Elkem Bjølvefossen og skipsverftet Fjellstrand. Dernest fins ei lang rekkje av mekaniske verkstadar, transport- anlegg- og bygningsverksemder, møbelindustri og reiseliv. Jordbruk, skogbruk og fruktdyrking, fiske og fiskeoppdrett er og framleis viktige næringsvegar i Kvam.

Elver, fjorder, fjell og vatn i Kvam Bjølsegrøvvatnet, som la grunnlaget for kraftutbygginga i Ålvik tidlig på 1900 talet. Fuglafjell 1336 moh, det høgste fjellet i Kvam. Steinsdalsfossen, fossen du kan gå bak. Den mest kjende turistattraksjonen i Kvam. Krokavatn Hamlagrøvatnet ligg og delvis i Kvam.

Kjende personar med tilknyting til Kvam Sjå Kategori:Folk frå Kvam

Frode Aga, kokk Gunnar Aksnes, professor i organisk kjemi Kaare Aksnes, professor i teoretisk astrofysikk Isak Nilsson Botnen, felebyggar Mons Breidvik, målar Geir Botnen, pianist Torgeir Børven, fotballspiller Jon Fosse, forfattar Per Øyvind Heradstveit, journalist Valgerd Svarstad Haugland, politikar og tidlegare statsråd Arne Johannessen, tidlegare forbundsleiar i Politiets Fellesforbund Jørgen Kildahl, konserndirektør i tyske E.On, eit av verdas største energiselskap Hans E. Kinck, forfattar Frank Kjosås, skodespelar Nils Gunnar Lie, journalist og programleiar Torkel Lillefosse, botanikar Svanhild Mundheim, hallodame i NRK Peter Munheim, lyrikar Hildegun Riise, skodespelar Svein Rosseland, astrofysikar Johannes Nilssøn Skaar, biskop Pål Sundvor, forfattar Yngve Sundvor, regissør Geirr Tveitt, komponist Eirik Ulltang, syklist Heidi Marie Vestrheim, musikar og programleiar i NRK Sigmund Vestrheim, trommeslager i Boy Pablo Ingebrigt Vik, bilethoggar

Referansar

Bakgrunnsstoff Kvam herad Lokalhistoriske historier og artiklar frå Kvam herad

Kategori:Hardanger Kategori:Tidlegare kommunar i Hordaland Kategori:Kommunar i Vestland