«I'm a Believer» er ein song skriven av Neil Diamond og spelt inn av The Monkees i 1966 med solovokal av Micky Dolenz. Singelen, som vart produsert av Jeff Barry, nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA siste veka av desember 1966 og låg på toppen i sju veker, og vart den siste førsteplassen i 1966 og den mestseljande plata i 1967. På grunn av over ein million førehandsbestillingar selde han til gull berre to dagar etter han kom ut. Singelen er ein av færre enn førti singlar gjennom tidene som har seld meir enn 10 millionar fysiske kopiar verda over.

Historie Neil Diamond hadde alt spelt inn songen før han vart spelt inn av The Monkees, og vert framleis spelt av Diamond på konsertane hans. Ei ny innspeling av Diamond, med noko ekstra tekst, kom ut på albumet September Morn, medan originalinnspelinga kom ut i 1967 på albumet Just for You. Neil Diamond foreslo òg songen for The Fifth Estate som spelte han inn i 1967 for albumet som skulle følgje opp hitten deira «Ding-Dong! The Witch Is Dead».

Innspeling Studiogitaristen Al Gorgoni (som seinare spelte på «The Sound of Silence» og «Brown Eyed Girl») hadde arbeidd med Diamond på «Cherry, Cherry» og spelte òg på denne songen. Andre musikarar på plata var Sal Ditroia på gitar, Dick Romoff på bass, Artie Butler på orgel, Jeff Barry på piano og tamburin og Buddy Saltzman på trommer.

Neil Diamond-versjonen vert nytta i filmen Blood Simple i den amerikanske heimevideoversjonen,m en vart sidan erstatta av Four Tops-songen «It's the Same Old Song», som var det opphavlege valet for filmen.

Songen ligg plassert på 48. plass på lista til Billboard si Topp 100-liste gjennom tidene.

Andre versjonar

Ein versjon av Robert Wyatt vart ein overraskande hit i Storbritannia i 1974 med Fred Frith på fiolin, Andy Summers (seinare i The Police) på gitar, og trommer av Nick Mason frå Pink Floyd, som òg produserte innspelinga. Dette var den første innspelinga til Wyatt etter ulukka som gjorde han lam.

I 1995 song dei britiske komikarane Vic Reeves og Bob Mortimer songen i lag med bandet EMF og denne nådde tredjeplassen på singellista i Storbritannia. Reeves & Mortimer la til ein «Oi!» etter den første linja i kvart vers, som sidan har vorte brukt i nyare innspelingar av songen.

Songen vart òg spelt av Smash Mouth og Eddie Murphy i 2001, som ein del av filmmusikken til filmen Shrek. Eddie Murphy, som spelar rolla som eselet i flimen, syng òg ein versjon av songen i sjølve filmen.

I 2010 spelte Neil Diamond ein enkel, langsam versjon av songen på albumet hans Dreams.

Utval innspelingar 1966: The Monkees-singelen, òg gjeven ut i 1967 på albumet More of The Monkees 1967: The Fifth Estate på albumet Ding-Dong! The Witch Is Dead. 1967: The Four Tops på albumet Reach Out 1967: The Ventures på albumet Guitar Freakout 1967: Neil Diamond på albumet Just for You, gjeve ut i 1983 på albumet Classics: The Early Years 1967: Caterina Caselli-singel, sungen på italiensk med tittelen «Sono bugiarda» (Eg er ein løgnar) 1974: Robert Wyatt-singel, òg på albumet His Greatest Misses (2004) 1979: Bram Tchaikovsky på albumet Strange Man, Changed Man 1979: Neil Diamond på albumet September Morn (med ny tekst) 1979: Tin Huey på albumet Contents Dislodged During Shipment 1985: Barbara Mandrell på albumet Get to the Heart 1990: Lulu Santos (på portugisisk) på albumet Honululu 1992: The Frank and Walters på veldedigheitsalbumet Ruby Trax 1995: Reeves & Mortimer med EMF, 3. plass i Storbritannia 1996: Bobo the Bear og Micky Dolenz i ein episode av Muppets Tonight 1996: Neil Diamond på albumet In My Lifetime 2001: Cadet på albumet Cadet 2001: Smash Mouth på Shrek: Music from the Original Motion Picture og albumet deira Smash Mouth 2001: Eddie Murphy i filmen Shrek 2002: Kidz Bop Kids på albumet Kidz Bop 2, og samleplata More Kidz Bop Gold (2006) 2005: Sophie and Kia på Raw Beauty og Raw Beauty Acoustic Sessions. 2005: Daniel O'Donnell på hans Rock n' Roll Tour 2008: Brooke White i American Idol 2008: Shrek the Musical 2010: Weezer på Shrek Forever After 2010: Neil Diamond på albumet Dreams 2012: Madsen på singelen Love Is A Killer

I Noreg I Noreg har det vore fleire innspelingar der songen er brukt: I oktober 1980 brukte humor-gruppa Prima Vera melodien i songen «Det må være spøk» frå albumet Best of Ebba I 1989 brukte Vazelina Bilopphøggers melodien i songen i «Da var det schäferen beit» frå albumet Tempo. For å knyte samanheng til originalversjonen vart schäferen kalla Monkey. I 1997 gav Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel ut songen på albumet Get Together.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I'm a Believer» frå , den 21. august 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Singlar frå 2001 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Tyskland Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:The Monkees-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Robert Wyatt-songar Kategori:Smash Mouth-songar Kategori:Weezer-songar Kategori:Songar skrivne av Neil Diamond Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada