Karin Cecilie Kullmann Five, kjend som Kaci Kullmann Five, () var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Bærum. Ho var frå 1981-97 stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus fylke og statsråd i Syse-regeringa 1989-90. Frå 1991-94 var ho partileiar for Høgre.
Liv og gjerning Kaci Kullmann Five engasjerte seg for Unge Høgre og var leiar for organisasjonen i perioden 1977-79. Frå 1975-81 var ho elles medlem av kommunestyret i Bærum. Ho utdanna seg til cand.polit. ved Universitetet i Oslo i 1981. Jamsides studiane arbeidde ho for Næringslivets Hovedorganisasjon.
Five vart vald inn på Stortinget i 1981. Allereie på Høgre-partiet sitt landsmøte i 1982 vart ho vald til andre nestleiar for Høgre, og på det neste landsmøtet, 1984, til fyrste nestleiar. Etter stortingsvalet 1985 vart ho parlamentarisk nestleiar for Høgre i Stortinget, ein posisjonen ho beheldt også etter Willoch-regjeringa gjekk av våren 1986, og Høgre kom i opposisjon. Då partiformannen Rolf Presthus døydde brått nyårsdag 1988 rykte ho opp som partileiar, eit ombod ho hadde til Jan P. Syse vart vald til ny partileiar ut på vårparten same året.
I oktober 1989 vart Five utnemnd til handels- og skipsfartsminister i Jan P. Syse si samlingsregjering, og var statsråd til regjeringa gjekk i oppløysing hausten 1990. Våren 1991 vart ho vald til leiar for Høgre, som den fyrste kvinna. Høgre gjorde eit heller dårleg val både ved kommunevalet 1991 og ved stortingsvalet 1993, noko partileiinga hausta kritikk for. Five valde å trekke seg som partileiar i 1994, i staden vart Jan Petersen ny leiar i Høgre. Då hennar fjerde stortingsperiode gjekk mot slutten, sa ho nei til attval i 1997.
Næringsdrivar og nobelarbeid Etter at ho forlét Stortinget i 1997 hadde Five i fem år ei direktør-stilling i Aker RGI. Deretter arbeidde ho som lobbyist med eige firma, og levde elles av styreoppdrag i ymse næringsselskap, til dømes i Statoil.
I 2003 fekk ho plass i femmannstyret for Nobels fredspris, og i 2015 vart ho valdt til leiar av Den norske Nobelkomiteen. Frå 2009 var ho også styremedlem i den svenske Nobelstiftinga, som har det overordna ansvaret for alle dei fem nobelprisane.
Prisar og utmerkingar Kaci Kullmann Five vart utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen i 2006.
Verkliste Erfaringer med etableringsloven. Hovedoppgave i statsvitenskap. Oslo: Universitetet i Oslo, 1981. Det nye Europa, med Jan Petersen. Oslo: Høyres Hovedorganisasjon, 1990. Avslutningstale på Høyres landsmøte 1991. Oslo: Høyres Hovedorganisasjon, 1991. «Norges plass i europeisk samarbeid». I: Norsk militært tidsskrift, nr. 12 1992.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kaci Kullmann Five» frå , den 3. september 2013.
Kategori:Norske handelsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Syse Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Leiarar i Unge Høgre Kategori:Leiarar for Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Bærum Kategori:Høgrepolitikarar i Akershus Kategori:Leiarar av Den Norske Nobelkomite Kategori:Æreslegionen Kategori:Folk tilknytte Statoil Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Folk frå Bærum