mini|Herdalssetra Herdalssetra er ei setergrend som ligg i Herdalen i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Setra er ei av dei største fellessetrane for geit i Noreg, og har eit bygningsmiljø med over 30 gamle seterhus i klynge. Her blir det ysta brun og kvit geitost og laga karamellar av geitemjølk.

Gjester kan delta på kurs, oppleve setermuseet og få servert seterkost. I ei kaffistove i eit ombygd fjøs blir det servert rømmegraut, spekemat og kjekjøt. Det er tilbod om overnatting i eit gamalt sel, eller i telt utanfor støla. Det er mogeleg å gå turar frå setra innover mot Tafjordfjella eller over mot Geiranger.

Herdalssetra fekk i juli 2005 verdsarvstatus som del av vestnorsk fjordlandskap.

Kjelder

Bakgrunnsstoff herdalssetra.no - Offisiell heimeside

Kategori:Gardar i Møre og Romsdal Kategori:Fjord kommune Kategori:Olavsrosa