«Happy Birthday Sweet Sixteen» er ein popsong gjeven ut i 1961 av Neil Sedaka. Sedaka skreiv musikken og framførte songen, medan teksten vart skriven av Howard Greenfield. Songen har ein liknande musikalsk struktur som «Take Good Care of My Baby» av Bobby Vee (ein annan hit frå 1961), og i tillegg ein melodi som minnar om den seinare hitten til Chiffons i 1963, «One Fine Day». Begge desse som liknar «Happy Birthday Sweet Sixteen» vart skrivne av Carole King og Gerry Goffin. Songen nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 chartHistory of Rock: Neil Sedaka og tredjeplassen i Storbritannia.
Andre versjonar Ein versjon av Bobby Vee vart gjeve ut på albumet 30 Big Hits from the 60's i 1964.
Det svenske dansbandet Flamingokvintetten spelte i 1968 ein versjon av songen som gjekk til topps på Tio i topp og Kvällstoppen i Sverige. Dei spelte òg inn ein svensk versjon av songen kalla «Hon är sexton år i dag» som nådde Svensktoppen same året.
Ein versjon kalla «Happy Birthday, Twenty-One» med tekst av Ian Whitcomb vart sungen av Mae West og gjeve ut på hennar Great Balls of Fire i 1972 på MGM Records.
I 2009 tok Damian McGinty frå Celtic Thunder songen med på albumet deira Take Me Home. Neil Diamond har òg spelt inn songen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Happy Birthday Sweet Sixteen» frå , den 11. september 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Neil Sedaka-songar Kategori:Songar skrivne av Neil Sedaka Kategori:Songar med tekst av Howard Greenfield Kategori:Flamingokvintetten-songar Kategori:Neil Diamond-songar