mini|Sotrabrua som forbind Sotra med fastlandet. Sotra (Sartor) skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland,Arkivverket oppkalla etter øya Sotra (eldre dansk skrivemåte Sartor). Ho femna om soknene (seinare også kommunane) Fjell og Sund, som har dei same grensene den dag i dag, bortsett frå att øyane Turøy og Misje først i 1964 vart lagde til Fjell frå oppløyste Herdla kommune.
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet. 1867 vart Sotra tinglag oppløyst og erstatta av Fjell tinglag og Sund tinglag, sistnemnde òg omfattande Austevoll kommune.Arkivverket
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Hordaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Fjell kommune Kategori:Sund kommune Kategori:Skipreider