Må ikkje forvekslast med Dale skipreide på Sunnmøre eller Luster skipreide i Sogn som tidlegast òg heitte Dale skipreide.

300px|mini|Dale har gjeve namn åt både kyrkje og skipreide Dale skipreide var ei av fem (seinare seks) skipreider i Sunnfjord,Arkivverket Omkring 1700 vart ho delt i to: Indre Dale skipreide og Ytre Dale skipreide.

Indre Dale omfatta Sande sokn, Bygstad sokn og Vik sokn, tilsvarande noverande Gaular kommune. Ytre Dale omfatta Dale sokn, Holmedal sokn og Guddal sokn, tilsvarande noverande Fjaler kommune (unnateke krinsane Folkestad, Fure og Våge) og ein del av Askvoll kommune (krinsane Vårdal, Holmedal/Bakke og Rivedal).

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet. Indre Dale skifta namn til Indre Holmedal 1890, og 1911 vart namnet endra til Gaular tinglagArkivverket. Ytre Dale skifta 1890 namn til Ytre Holmedal, og 1912 vart namnet Fjaler tinglag.Arkivverket

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Sogn og Fjordane med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Gaular kommune Kategori:Fjaler kommune Kategori:Askvoll kommune Kategori:Skipreider