Pipelauk (Allium fistulosum) er ein laukart med hole blad og stenglar som kan minna om ein stor graslauk. Han kan brukast til mat på mange måtar, til dømes rå, kokt eller steikt, og tidleghausta som vårlauk.
mini|venstre|Frøhovud og frø av pipelauk.
Pipelauk er ein framandart i Noreg, men vart tidleg innført som matplante. Han veks på torvtak og tørre bakkar i innlandet austafjells, elles spreidde stader på Austlandet. På raudlista 2021 er arten rekna som sterkt truga (EN), ei nedgradering frå kritisk truga i 2015.
Kjelder
Pipeløk (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 19. september 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Krydder Kategori:Laukslekta Kategori:Matplantar