«True Love» er ein popsong skriven av Cole Porter og publisert i 1956. Songen vart introdusert av Bing Crosby og Grace Kelly i musikalfilmen High Society.High Society (1956) - Soundtracks frå Internet Movie Database Crosby–Kelly-versjonen, akkompagnert av studioorkesteret til Johnny Green hos MGM nytta eit romantisk arrangement av Conrad Salinger, som òg har ein populær versjon av songen, som nådde fjerdeplassen på singellista i USA.

Kelly medverka relativt lite på songen, og song bere duett med Bing på det siste refrenget. Singelen vert likevel rekna som ein av hennar og vart den einaste gullplata hennar og den 21. gullplata til Bing Crosby.

Andre innspelingar Ein versjon av songen av Jane Powell kom ut på same tida som Crosby–Kelly-versjone framleis var populær. Elvis Presley spelte inn ein versjon for det populære albumet hans Loving You frå 1957. Ricky Nelson tok med ein versjon av songen på debutalbumet sitt Ricky frå 1957. Shelley Fabares spelte inn ein versjon av songen på albumet hennar Shelley! som kom ut i 1962. Al Hirt gav ut ein versjon på albumet Trumpet and Strings i 1962.Al Hirt, Trumpet and Strings Henta April 8, 2013. The Everly Brothers spelte inn ein versjon for i 1962 for albumet Instant Party utan noko særleg suksess..Liner notes for The Everly Brothers "Instant Party" I 1961 spelte Patsy Cline inn songen på det andre studioalbumet hennar, Patsy Cline Showcase.Patsy Cline's Recording Sessions - The Decca Years Andre versjonar som oppnådde suskess var mellom andre Jack Jones i 1965, som siste melodi for There's Love and There's Love and There's Love, eit album av romantiske klassikarar arrangert av Nelson Riddle; Singelen til Richard Chamberlain i 1963 nådde 30. plassen, ein versjon frå 1976 av George Harrison frå albumet Thirty Three & 1/3 gjeve ut på singel i 1977, ein versjon frå 1988 av Shakin' Stevens, ein duett i 1993 av Elton John og Kiki Dee og eit album av Connie Francis. Gruppa Oasis spelte inn ein versjon for det sjølvoppkalla albumet deira i 1984. Anne Murray spelte inn songen for albumet hennar Croonin' (1993). Neil Diamond spelte inn songen i 1998 for albumet The Movie Album: As Time Goes By.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «True Love (song)» frå , den 20. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Songar skrivne av Cole Porter Kategori:Elton John-songar Kategori:Kiki Dee-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Ricky Nelson-songar Kategori:George Harrison-songar Kategori:Richard Chamberlain-songar Kategori:Patsy Cline-songar Kategori:Shelley Fabares-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Al Hirt-songar Kategori:Connie Francis-songar