Dômes de Miage er eit 3 673 meter over havet høgt fjell i Mont Blanc-massivet i dei franske Alpane. Grensa mellom det franske departementet Savoie og den italienske provinsen Aostadalen går over fjellet.

Dômes de Miage har ein om lag to kilometer lang fjellrygg med fem toppar. Fjellryggen strekker seg i retninga sørvest-nordaust, med bratte isbrear og bergvegger på sider. Fire av toppane på bredekte fjellryggen ligg i Frankrike, hovudtoppen skal vere den nest nordlegaste. Men to av toppane er berre 2-3 meter lågare enn hovudtoppen.

Dômes de Miage vart nådd fyrste gongen i 1878 av ein brite i fylgje med to franskmenn.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dômes de Miage» frå , den 26. september 2013.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Fjell i Italia Kategori:Internasjonale fjell i Europa