Auripigment eller orpiment, tidlegare også operment, er eit perlemorglinsande mineral (arsentrisulfid, kjemisk formel As2S3). Det opptrer på enkelte malmgangar saman med sølv- og blymineral, ofte assosiert med realgar.
Auripigment kjem frå latin auripigmentum som er sett saman av aurum, 'gull', og pigmentum, 'pigment'. Det er typisk gulfarga og noko sjeldnare raudt. Det er eit tradisjonelt pigment i måling.
Stoffet er giftig.
Biletdøme
Kjelder
Auripigment (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 4. november 2013. Operment ved Lokalhistoriewiki, henta frå Norsk historisk leksikon 2. utgave, 3. opplag (2004). II/F.02-70 AURIPIGMENT , geolib.no Handbook of Mineralogy (oppgjeve av Engelsk Wikipedia) Mindat.org (oppgjeve av Engelsk Wikipedia) Webmineral data (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Monokline mineral Kategori:Arsenmineral Kategori:Arsensulfid Kategori:Sulfidmineral Kategori:Giftige mineral Kategori:Gule mineral Kategori:Uorganiske pigment Kategori:Alkymistiske stoff