Vannevar Bush () var ein amerikansk forskar og ingeniør som er kjent for arbeidet sitt innan analoge reknemaskinar, den politiske rolla si i utviklinga av atombomba og ideen om hypertekst. Han var vitskapleg rådgjevar for president Roosevelt.

Bush var direktør for Office of Scientific Research and Development (OSRD) 1941–1947, og hadde dermed ansvaret for å koordinere all amerikansk krigsrelatert forsking under andre verdskrigen. Eit av prosjekta til OSRD vart forløparen til Manhattanprosjektet, som seinare utvikla dei første kjernefysiske våpena.

Bush har ei sentral rolle i historia til hyperteksten. Artikkelen hans As We May Think, publisert i The Atlantic Monthly i juli 1945, der han skildrar det teoretiske hypertekstsystemet Memex, er opphavet til ideen om hypertekst. Systemet vart aldri implementert, men la grunnlaget for seinare forsking, og har mange likskapstrekk med World Wide Web.

Sjå òg Kjernefysiske våpen HTMLs historie Memex As We May Think World Wide Web Oslo Analyzer Hypertekst

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vannevar Bush» frå , den 6. november 2013.

Bakgrunnsstoff

Hjemmesiden til «Vannevar Bush Award» Artikkel om Vannevar Bush på fagbladet for forskningspolitikk

Kategori:USA-amerikanske ingeniørar Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Internett-utviklarar Kategori:Framtidsforskarar Kategori:Order of the British Empire Kategori:Æreslegionen Kategori:Folk frå Middlesex County i Massachusetts Kategori:Medal for Merit Kategori:National Medal of Science Kategori:USA-amerikanske informatikarar Kategori:Medlemmar av American Physical Society