Torstein Jøssang () er ein prisløna norsk fysikar, kjent for sine arbeid i materiallære.

Etter examen artium frå Bryne vidaregåande skule 1953 vart det cand.mag. 1959 og cand.real. 1962 frå Universitetet i Oslo der han fekk dr.philos. 1968 på avhandlinga Dislocations and Dissociated Dislocation Configurations in Face Centered Cubic Metals. Etter to år ved Ohio State University var han amanuensis i Oslo 1965-69, førsteamanuensis 1969-87 og frå 1987 professor i faststoff-fysikk.

Han har studert korleis fraktale strukturar blir til i material med uorden, og med Jens Feder starta han i 1973 prosjektet Kooperative fenomener som studerte korleis små fenomen skapar store fenomen.

Verv og utmerkingar NAVF-prisen for fremragende forskning i 1990, 2,5 millionar kroner delt med Jens Feder Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning 1990 på kroner 30 000 delt med Jens Feder for «deira flotte studiar av fysikken i porøse medium og for innsatsen deira innanfor faststoff- og materialfysikk» Universitetet i Oslo sin læringsmiljøpris i 1991 på kroner 50 000. Delt med Jens Feder. IBMs fysikkpris på 30 000 kroner 1992. Delt med Jens Feder. styreformann og vitskapleg leiar for «Senter for Grunnforskning» ved Det Norske Videnskaps-Akademi i oppbyggingsåra frå 1993 til 2000 fagredaktør i «Physica Scripta» under The Royal Academy of Science, Stockholm. Bortreist på dagen. innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi titulær medlem av Académie Européenne des Sciences, des Arts et des Lettres, Paris.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Torstein Jøssang» frå , den 9. november 2013.

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Strand