Walter Samuel Gerst Kohn () er ein austerriksk-amerikansk fysikar.

I 1939 flykta han frå Austerrike til England, og studerte sidan i Canada og USA. Han var professor ved Carnegie Institute of Technology frå 1950 til 1960, og frå 1960 var han professor ved University of California, San Diego. Kohn undersøkte korleis elektron flyttar seg i faste stoff og utvikla den såkalla effektiv masseteorien for å skildre elektronrørsla. Dette har ført til auka forståing for konduktansen i metall og halvleiarar.

I 1988 fekk han nobelprisen i kjemi saman briten John A. Pople for banebrytande innsats i utviklinga av metodar som kan nyttast for teoretiske studium av eigenskapane til molekyl og kjemiske reaksjonar.

Kjelder Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). Walter Kohn. I Store norske leksikon. Henta 9. november 2013 frå http://snl.no/Walter_kohn.

Kategori:Vitskapsfolk frå Wien Kategori:Austerriksk-amerikanarar Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Austerrikske nobelprisvinnarar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Austerrikske fysikarar Kategori:Jødiske vitskapsfolk Kategori:National Medal of Science Kategori:Elevar ved Harvard University Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Elevar ved University of Toronto Kategori:Teoretiske kjemikarar Kategori:Austerrikske jødar Kategori:Jødiske fysikarar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences