Oskar Emil Schiøtz () var ein norsk professor i fysikk som òg forska på kjemi og geologi.
Etter examen artium 1864, tok han reallærereksamen med laudibilis præ ceteris i 1871 ved Det Kongelege Frederiks Universitet. Med stipendium gjorde han somrane 1870–71 geologiske undersøkingar i Østerdalen (saman med dr.med. Hagen) og i 1872 fjella ved Meråker, på oppdrag av Noregs geologiske undersøking. Vidare studerte han fysikk og matematikk i to år frå 1872 med nytt stipendium hos blant andre Hermann von Helmholtz i Berlin og Gustav Kirchhoff i Heidelberg. Han returnerte til Kristiania hausten 1874 og vart tilsett som lektor, men vart 27. november den yngste professoren i landet, 29 år gammal. Her jobba han mellom anna saman med unge og lovande Vilhelm Bjerknes og Kristian Birkeland. I tida 1881–88 leia han temperaturmålingane i Mjøsa, samstundes med at han fortsette sine sommarlege geologiske undersøkingar av fjella i aust. Han sat som professor til han vart 76 år, og professoratet vart i 1922 overtatt av Sem Sæland.
Elles sat han i Kommissionen for mål og vægt (1889), Norske gradmålingskommissionen 1891, leia elektricitetskommissionen frå 1897 og patentkommissionen frå 1898. Han skreiv lærebok i fysikk og fleire avhandlingar og vart i 1878 innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi og det svenske Geologiselskapet. I 1894 mottok han St. Olavs Orden. I 1905 var han med på skipinga av Norsk geologisk forening, og i 1909 var han med i det første styret for Fysisk Selskap der han òg var formann i 1909, 1912 og 1916. Selskapet eksisterte 1909–25 og vart etterfølgd av Fysikkforeningen i 1938 og Norsk Fysisk Selskap i 1953.
Han var bror til oftalmologen Hjalmar August Schiøtz (1850–1927), som han òg studerte og jobba saman med i forsking, mellom anna i utviklinga av tonometeret (1905). Foreldre deira var bankkasserar Søren Gabriel Schiøtz (1804–56) og Marie Dorothea Christiane Lange (1807–52). Han var onkel til historikaren Johannes Henrik Schiøtz (1884–1957).
Utgjevingar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oskar Emil Schiøtz» frå , den 11. november 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske geologar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi