1913 (romartal MCMXIII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen.

mini|Filmplakat for Fantômas, ein fransk film frå 1913. mini|Slaget ved Kilkis under Den andre balkankrigen. Hendingar

Utlandet 1. januar: British Board of Film Censors byrja arbeidet sitt med å klassifisera og sensurera filmar. 13. januar: Militsgruppa Ulster Volunteer Force blei formelt skipa som ein reaksjon mot arbeidet for irsk sjølvstyre. 1. februar: Grand Central Terminal i New York opna etter ombygging som verdas største jernabanestasjon. 22. februar: Den meksikanske revolusjonen. President Francisco I. Madero og visepresident José María Pino Suárez blei drepne i eit attentat. General Victoriano Huerta tok over som leiar. 4. mars: Woodrow Wilson blei ny president i USA etter William Howard Taft. 18. mars: Kong Georg I av Hellas vart skoten av ein makedonsk anarkist i eit attentat i Saloniki. Sonen Konstantin vart ny konge. 3. mai: Premieren til Raja Harishchandra, den første indiske langfilmen, markerte byrjinga på indisk filmindustri. 29. mai: Vårofferet av Igor Stravinskij hadde premiere ved Théâtre des Champs-Élysées i Paris. Det modernistiske stykket forårsaka opptøyar. 30. mai: Den første balkankrigen blei avslutta då ein fredsavtale vart underteikna i London. 1. juni: Hellas og Serbia inngjekk ein allianse som skulle vara ved til 1924. Alliansen la grunnen for Den andre balkankrigen. 24. juni: Joseph Cook blei statsminister i Australia. 29. juni: Den andre balkankrigen braut ut då Bulgaria gjekk til åtak på sine tidlegare allierte Serbia og Hellas. 4. juni: Røysterett for kvinner. Emily Davison, ei britisk suffragette, sprang ut framfor kongen sin hest under Epsom Derby. Ho døydde av skadane 4 dagar seinare. 10. august: Makedonia blei delt som følgje av Den andre balkankrigen. 13. august: Harry Brearley i Sheffield fann opp rustfritt stål. mini|Det første kryssordet. 23. august: Den lille havfrue-statuen blei avduka i København i Danmark. 14. oktober: Ein eksplosjon ved Universal Colliery i Senghenydd i Sør-Wales drap 439 gruvearbeidarar. 31. oktober: Lincoln Highway, den første bilvegen gjennom heile USA, blei formelt opna. 6. november: Mohandas Gandhi blei arrestert då han leia ein marsj av indiske gruvearbeidarar i Sør-Afrika. 21. desember: Arthur Wynne publiserte eit «word-cross», det første kryssordet, i New York World. 30. desember: Italia sende Mona Lisa tilbake til Frankrike. Måleriet var blitt stole to år tidlegare av Vincenzo Perugia, ein italiensk nasjonalist.

Ny jordlov i Sør-Afrika (Natives Land Act) reserverte ca. 80 % av jorda til kvite.

Noreg De Conservative Foreningers Centralstyre endra namn til Høire. Røysterett for kvinner. Kvinner over 25 år fekk alminneleg stemmerett. 25. oktober - Stavanger Norsk Bibliotekforening blir stifta.

SSB samla mellom anna fylgjande fakta for 1913: Folketalet i Noreg var 2 435 178. 61 294 born vart fødd. 6,4 prosent av nyfødde døydde før dei fylte eit år. Eit nyfødd guteborn kunne forvente å bli 56 år, ei nyfødd jente 60 år. Dei mest populære namna på nyfødde var Anna, Solveig, Astrid og Gudrun for jenter og Arne, Olav, Einar og Johan for gutar. Det var 15 262 par som gifta seg, og 501 par som skilde seg. Snitthøgda for rekruttar var 171,4 cm. Det var ca. 1 500 studentar ved Kristiania universitet. Eit kilo geitost kosta 1,56 kroner, og eit kilo potetmjøl kosta 0,47 kroner.

Fødde mini|Statsleiarane Willy Brandt, til venstre, og Richard Nixon vart begge fødde i 1913

9. januar: Richard Nixon, USA-amerikansk president 10. januar: Gustav Husák, tsjekkoslovakisk president 31. januar: Margit Johnsen, norsk krigshelt 4. februar: Rosa Parks, amerikansk borgarrettsforkjempar 26. mars: Paul Erdős, ungarsk matematikar 3. april: Per Borten, norsk statsminister 4. april: Muddy Waters, USA-amerikansk musikar 18. mai: Neelam Sanjiva Reddy, indisk president Charles Trenet, fransk visesongar 12. juni: Helge Sivertsen, norsk politikar og idrettsutøvar 10. august: Wolfgang Paul, tysk fysikar og nobelprisvinnar 16. august: Menachem Begin, israelsk statsminister 18. oktober: Arne Skouen, norsk filmskapar og forfattar 7. november: Albert Camus, fransk forfattar 11. november: Sonja Wigert, norsk-svensk skodespelar 22. november: Benjamin Britten, britisk toneskapar 18. desember: Willy Brandt, tysk statsminister

Døde mini|Grava over Alfred Russel Wallace i Broadstone i Dorset vart restaurert i 2001

3. januar: Hjalmar Johansen, norsk oppdagar 7. januar: Wilhelm Sorteberg, norsk spelemann 22. februar: Ferdinand de Saussure, sveitsisk språkgranskar 10. mars: Harriet Tubman, USA-amerikansk slavefrigjerar 18. mars: August Bebel, tysk politikar 22. juni: Rasmus Steinsvik, norsk journalist 30. september: Rudolf Diesel, tysk ingeniør, fann opp dieselmotoren 7. november: Alfred Russel Wallace, britisk naturgranskar 13. desember: Birger Kildal, norsk politikar

Referansar

nv:1901 – 1950