Nikolaj Vasiljevitsj Puzanov () var ein sovjet-russisk skiskyttar frå Kysjtym i Tsjeljabinsk oblast. Han tok sølvmedaljen i den individuelle øvinga under verdsmeisterskapen 1965 på Elverum og vart olympisk meister med Sovjetunionen i 4x7,5 stafett i 1968.
Aktiv Perioden 1962-69 deltok Puzanov i alle dei internasjonale meisterskapane i skiskyting. I 1965 vann han sølvmedaljen på 20 km under VM i Elverum, seks tidels sekund føre Antti Tyrväinen frå Finland, og vel 22 sekundar bak verdsmeisteren Olav Jordet. I same meisterskapen gjekk han på Sovjetunionen sitt stafettlag som fekk bronse. To år seinare vart det VM-sølvmedalje på Puzanov og dei andre på Sovjetunionen sitt stafettlag. Under vinterleikane i Grenoble i 1968 vart han så olympisk meister i skiskyting i nettopp stafett, då han og lagkameratane Aleksandr Tikhonov, Vladimir Gundartsev og Viktor Mamatov vann 4 x 7,5 km stafett, framom Noreg og Sverige.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1962 i Tavastehus: Nr 4 på 20 km VM i skiskyting 1963 i Seefeld: Nr 8 på 20 km Skiskyting under Vinter-OL 1964 i Innsbruck: Nr 10 på 20 km VM i skiskyting 1965 på Elverum: Sølvmedalje på 20 km, bronsemedalje i stafett VM i skiskyting 1966 i Garmisch-Partenkirchen: Nr 13 på 20 km VM i skiskyting 1967 i Altenberg: Sølvmedalje i stafett Skiskyting under Vinter-OL 1968 i Grenoble: Gullmedalje i stafett, nr 6 i 20 km VM i skiskyting 1969 i Zakopane: Nr 4 på 20 km
Merknadar
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Nikolai Wassiljewitsch Pusanow» frå , den 23. november 2013.
Kategori:Sovjetiske skiskyttarar Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1968