1818 (romartal MDCCCXVIII) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar mini|Kroninga av Karl III Johan i Nidarosdomen i i Trondheim. Måleri av Jacob Munch Utlandet 12. februar: Chile blei sjølvstendig republikk etter 7 års opprør mot den spanske kolonimakta. 1. august: Danmarks Nationalbank vart oppretta.
Noreg 5. februar: Karl III Johan, i Sverige Karl XIV Johan blei konge av Noreg og Sverige. 7. september: Kroninga av Karl Johan i Trondheim August-oktober: Bondeopprøret 1818. 150 bønder reiste frå Hallingdal mot Christiania for å protestere mot Stortinget, inspirert av bondeføraren Halvor Hoel. Planen var å avsetja Stortinget. Flokken blei stansa på Heslafoss av soknepresten i Nes. Seinare på året reiste 180 hallingar nedetter dalen og samla folk frå Ringerike med planar om å gå mot hovudstaden. Desse blei forsøkt stansa av fogden på Ringerike, men heldt fram mot Christiania. Flokken blei stansa av militærtroppar i Bærum, og mange reiste heim. 300 mann blei sette på Akershus festning. 17. november: Justisdepartementet og Marinedepartementet vart skipa. Langestrand kyrkje i Larvik vart innvigd.
Fødde mini|upright|A.O. Vinje vart fødd 6. april
1. januar: Jørgen Olafsen, norsk politikar 14. januar: Ole Jacob Broch, norsk matematikar og politikar 6. april: Aasmund Olavsson Vinje, norsk forfattar 8. april: Kong Kristian IX av Danmark 29. april: Tsar Aleksander II av Russland 5. mai: Karl Marx, tysk samfunnsforskar og filosof 30. juli: Emily Brontë, engelsk forfattar 3. august: Johannes Arnesson Øvsthus, norsk kyrkjebyggar 9. november: Ivan Turgenjev, russisk forfattar 18. desember: Carsten Tank Nielsen, norsk telegrafdirektør 24. desember: James Prescott Joule, britisk fysikar
Døde
5. februar: Kong Karl XIII av Sverige, Karl II av Noreg 28. mars: Andreas Samuel Krebs, norsk militær 20. juni: Hedvig Elisabet Charlotta av Oldenburg, svensk og norsk dronning, enka etter Karl XIII
Kjelder