Ei hølje er eit lågare parti på ei nedbørsmyr. Høljene har laus botn og opptrer i veksling med høgre tuestrenger. I ei myr som er under oppbygging, vil det vere tilvekst av torvmosar i dei våte høljene.Moen m.fl., side 19 og 22/76
I høljene veks det mange artar torvmosar. Elles er torvull og rome døme på planteartar som i atlantisk klima veks på høljer med fastmatte, mens ein i høljer med mjukmatte kan finne kvitmyrark og dystarr.Moen m.fl., side 42/76
Sjå òg Flark
Kjelder
Asbjørn Moen, Anders Lyngstad og Dag-Inge Øien Kunnskapsstatus og innspill til faggrunnlag for oseanisk nedbørmyr som utvalgt naturtype (PDF)
Kategori:Akvatisk økologi Kategori:Pedologi Kategori:Våtmarksområde Kategori:Myr