mini|upright|Lattestein ved Haputo-stranda på Guam. Lattestein eller berre latte eller latde er ein type oppreist stein med ein halvkuleforma stein lagt oppå. Denne typen stein har historisk vore utbreidd blant chamorrotalande folk i Stillehavet, og er kjend frå mesteparten av Marianane. I moderne tid er steinane blitt eit symbol på identitet blant chamorroane, og brukt i fleire ulike samanhengar.

Konstruksjon mini|upright|Mann ved sidan av den største ståande lattesteinen på Tinian.

Ein har laga lattesteinar av kalkstein, basalt og sandstein. Pilarane kan vera rundt 60 meter til tre meter høge, og smalnar mot toppen. Små og middels store pilarar blei krona med eit halvrundt stykke korall, medan store pilarar, som på Rota-øya, kunne ha utskorne steinkroner.

Den største lattesteinen som framleis står er 5 meter og står på Tinian. Steinar funne på Rota ville vore 8 meter høge om dei hadde stått oppreist. Den høgaste pilaren funne her er 34 tonn medan den største krona er 22 tonn.

Galleri

Sjå òg Moai Raisteinar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Latte stone» frå , den 4. desember 2013 og 8. april 2015.

Bakgrunnsstoff From the Ancient Past: The Latte Stones of Guam , ns.gov.gu

Kategori:Steinar Kategori:Oseanisk kultur Kategori:Guam