mini|Avispresse mini|Flyttbare metalltypar.
Trykking er ein industriell prosess for å produsere tekst og bilde, typisk med blekk på papir ved hjelp av ei trykkepresse.
venstre|mini|Boktrykking på 1400-talet. Historie
Trykking blei først utvikla i Kina, der blokktrykk med tre var i bruk på 500-talet. I 1040 utvikla oppfinnaren Bi Sheng lause typar i tre, og to århundre seinare blei det laga metalltypar i Korea. Utbreiinga av trykkekunsta førte til at kinesiske bibliotek inneheldt titusentals verk, medan bøker framleis var mangelvare i Europa.
Kunnskapen om trykking filtrerte truleg vestover, gjennom India og Arabia til Europa, men likevel var ein nøydd til å gjenoppfinna dei lause typane her. Det gjorde Johann Gutenberg i 1440, på ei gammal vinpresse. Oppfinninga er blitt gjeven mykje av æra for den europeiske overgangen frå mellomalder til opplysingstid.
Mot slutten av 1700-talet kom ei bølgje med nye oppfinningar innan trykkinga, som teknikkane litografi og trestikk, og fleire typar nye og sterkare presser.
Moderne trykkeprosessar Vi har i dag fire forskjellige trykkteknikkar som blir brukt til både industriell og kunstnarisk trykking.
Høgtrykk (boktrykk), der elementa ein trykkar ligg høgare enn dei andre Djuptrykk, der elementa ein trykkar ligg djupare enn dei andre Flattrykk/Plantrykk (litografi, offset), der det ikkje er høgdeforskjell på dei trykkande og ikkje-trykkande felta i trykkforma Silketrykk (serigrafi), der fargen blir pressa gjennom hol i ein duk.
Bakgrunnsstoff DET TRYKTE ORD - bokens historie i Norge av Karin-Helene R. Hognestad