Matusevichbreen er den største breutløparen i Oates Land og strekkjer seg over 440 km med eit areal på kring 19 500 km². Breen drenerer den austlege delen av Lazarev Mountains, og nordlege og vestlege delar av Wilson Hills.

Geografi Isbreen flyt mot kysten av Aust-Antarktis, og pressar seg gjennom ein dal mellom Lazarev Mountains og nordvestenden av Wilson terrain. Breen har mange bresprekker i denne kanalen, og på andre sida av dalen spreiar han seg utover medan han flyt ut i havet. Havbølgjene får den tynnare isen til å bryte opp. Matusevichbreen drenerer ikkje store ismengder frå Antarktis, så tilbaketrekking og framrykkinga av denne breen er ikkje så viktig globalt sett. Men som med andre brear i Antarktis hjelper Matusevichbreen glasiologar til å forstå det større biletet om korleis isdekket på Antarktis endrar seg.

Matusevich bretunge Matusevich bretunge er ei bretunge som er kring 18 nautiske mil (33 km) lang og som strekkjer seg breitt utover frå Matusevichbreen. «Magga Dan», fartøyet nytta av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) leia av Phillip Law, segla rundt denne tunga den 21. februar 1959.

Sjå òg Burnside Ridges Mount Dalton Babushkin Island

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Matusevich Glacier» frå , den 3. januar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Isbrear i Oates Land