Cosgroveisen er ein 55 km lang og 65 km brei isbrem, som dekkjer den indre (austlege) delen av bukta mellom King Peninsula og Canisteo Peninsula i Antarktis. Han vart kartlagt frå flyfoto tekne av U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter løytnant Jerome R. Cosgrove i U.S. Navy Reserve, som var assisterande sambandsoffiser for staben til U.S. Navy Support Force i Antarktis, i løpet av U.S. Navy Operasjon Deep Freeze i 1967 og 1968.

Sjå òg Isbremmar i Antarktis

Kjelder

Kategori:Isbremmar i Antarktis Kategori:Geografi i Ellsworth Land