Nansenisen eller Nansen isbrem er ein 50 km lang og 15 km brei isbrem. Han får istilførsel frå Priestley- og Reevesbreen og grensar på nordsida til Drygalski istunge, langs kysten av Victoria Land i Antarktis. Isen vart utforska av South Magnetic Polar Party under den britiske antarktisekspeidsjonen, 1907-09 og av den nordlege gruppa frå den britiske antarktisekspeidsjonen, 1910-13. Frank Debenham, ein geolog på den siste ekspedisjonen, gav han namnet Nansen Sheet fordi han låg like ved Mount Nansen, det dominerande fjellet i området.
Sjå òg Isbremmar i Antarktis
Kjelder
Bakgrunnsstoff Flow pattern and rheology of marine ice frå Nansen isbrem Compression experiments
Kategori:Isbremmar i Antarktis Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Scott Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn