Hedrum kyrkje er ei langkyrkje frå mellomalderen i Lågendalen i Larvik kommune (Vestfold). Som oftast vert kyrkja datert til om lag 1100. Det vart feira 950-årsjubileum i 2010, men dette gjeld truleg ei trekyrkje som skal ha vore der rundt 1060.

Skipet og koret er av stein med tre i gavlane. Korets apsis skal vere tilføyd seinare. Skipet vart utvida med fire meter mot vest i 1666, og vesttårnet vart reist i 1859. Sakristiet på nordsida av koret er frå 1920-åra, då kyrkja vart restaurert og gamal puss fjerna.

Sørvest for kyrkjegadern er Hedrum prestegard.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kunsthistorie.com Vestfolds vakre middelalderkirker (PDF-bok)

Kategori:Kyrkjer i Larvik Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Larvik prosti Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kulturminne i Larvik Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Vestfold