Hovdebreen er ein liten isbre like vest for Brattstrand Bluffs på søraustkysten av Prydzbukta i Antarktis. Ei kort tunge frå denne breen strekkjer seg ut i sjøen til den nærliggande Hovden. Isbreen vart først kartlagt av Thorshavn-ekspedisjonane i 1936–37, som namngav øya. Breen fekk namnet «Hovde istunge» av John H. Roscoe i 1952 etter studien hans av flyfoto av området teken i U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47, men bre vart rekna som eit meir høvande nam for denne vesle isbreen.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Princess Elizabeth Land