Gerrybreen er ein isbre på Edward VII Peninsula i Antarktis, som flyt nord mellom Reeves Peninsula og Howard Heights til enden av Sulzberger Bay. Området vart fotografert frå lufta og kartlagt på Byrd-ekspedisjonane i 1928–30 og 1933–35. Denne breen vart kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1959–65, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (etter forslag frå kontreadmiral Richard E. Byrd) etter den amerikanske senatoren Peter G. Gerry frå Rhode Island, som lenge hadde vore ven av Byrd-familien og bidrog til ekspedisjonen i 1933-35.

Kjelder

Kategori:Isbrear i King Edward VII Land