John Fredriksen () er ein norsk-kypriotisk skipsreiar og rikmann.

Tidsskriftet Kapital vurderte at John Fredriksen i 2012 var god for 69,7 milliardar kroner,«Kapitals 400 rikeste» , årleg liste frå tidsskriftet Kapital over dei 400 rikaste personane i Noreg eller med norsk tilknyting. noko som gjorde han til den rikakste nolevande personen fødd i Noreg og den rikaste personen på Kypros.

Fredriksen er oppvaksen på austkanten i Oslo. Han har tent mesteparten av si enorme formue som skipsreiar. Fredriksen kontrollerer i dag verdas største VLCC-flåte (Oljetankskip), gjennom tankreiarlaget Frontline Ltd og verdas største flåte av LNG-skip gjennom Golar LNG Ltd. Fredriksen er kjend for å vere veldig risikovilleg, og har vore nær konkurs ved fleire høver. Fredriksen har den siste trappa ned tankreiarverksemda og investert store delar av formua i andre selskap. Han er i dag storeigar i oppdrettsselskapa Pan Fish og Fjord Seafood. Fredriksen har også satsa stort på Riggmarknaden gjennom SeaDrill Ltd. I tillegg er han storaksjonær i tørrbulkreiarlaget Golden Ocean Group. Fredriksen har også investert ein del midlar i fotballklubben Vålerenga.

Fredriksen er i dag busett på Kypros, og driv verksemdene sine frå London, der han eig ein av byens mest verdifulle eigedommar.

Kjelder

kategori:kypriotar kategori:norske skipsreiarar norske forretningsfolk kategori:Norske rikfolk Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske investorar