Anni Helena Takalo, fødd Kivioja, () er ein finsk tidlegare langrennsløpar frå Nivala i Norra Österbotten. Ho vart olympisk meister på 5 km i 1976 og verdsmeister i same øvinga i 1978. I verdsmeisterskapen 1978, som gjekk på heimebane i Lahti, spurta ho Finland inn til VM-gull på 4 x 5 km stafett. Takalo vann fem OL-medaljar og fem VM-medaljar i tidsrommet 1970 til 1980.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 1970: Bronsemedalje på stafetten, nr 7 på 10 km Vinter-OL 1972 i Sapporo: Sølvmedalje på stafetten, nr 5 på 10 km Ski-VM 1974 i Falun: Bronsemedalje på 10 km Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Gull på 5 km, sølv på 10 km og i stafett Ski-VM 1978 i Lahti: Gull på 5 km og i stafett, bronsemedalje på 20 km Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Bronsemedalje på 10 km Ski-VM 1982 i Oslo: Nr 4 i 4 x 5 km stafett

Takalo vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1977.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Helena Takalo» frå , den 14. januar 2014.

Kategori:Finske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980