Mateja Svet () er ein slovensk tidlegare skirennar frå Ljubljana som representerte Jugoslavia. Ho vann VM-gull i slalåm i 1989 og tok i alt seks medaljar i VM- og OL-tevlingar i tida 1987-89.
Aktiv Svet deltok i sitt fyrste verdenscuprenn som sekstenåring og vann to storslalåmrenn i verdscupen i 1986-sesongen, sytten år gammal. Under VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana sikra ho seg tre medaljar; fyrst ein bronse i super-G, så sølv i storslalåm bak Vreni Schneider frå Sveits og til sist ein bronse i slalåm.
Under Vinter-OL 1988 i Calgary tok Svet sølv i slalåm, også då fann ho si overkvinne i Vreni Schneider. Gjennom 1988 var Svet den beste kvinnelege storslalåm-rennaren i verda og vart dermed vinnar av FIS-pokalen 1988 for den greina.
Høgdepunktet for Svet kom i VM i alpine greiner 1989 i Vail i den USA-amerikanske delstaten Colorado, der ho vart verdsmeister i slalåm med klar margin til sølvvinnar Vreni Schneider. I tillegg fekk ho bronsemedaljen i storslalåm-tevlinga, men fyrst etter at den opphavlege bronsemedaljøren, Christelle Guignard frå Frankrike, vart dømd for brot på dopingreglementet.
Svet vann sju verdscuprenn, seks i storslalåm og eitt i slalåm. Den siste sigeren oppnådde ho i Veysonnaz i Sveits den 5. februar 1990. Etter 1990-sesongen la ho vekk konkurranseskia, 21 år gammal.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Mateja Svet» frå , den 10. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Jugoslaviske alpinistar Kategori:Slovenske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Jugoslavia Kategori:Jugoslaviske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Jugoslaviske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988