Sirkulatorisk sjokk, oftast kjent som sjokk, er ein livstrugande medisinsk tilstand som oppstår som følgje av manglande substrat i den aerobe celleandinga. I byrjinga plar det å innebere utilstrekkeleg oksygen i celleveva.

Dei vanlege teikna på sjokk er lågt blodtrykk, raske hjarteslag og teikn på dårleg blodgjennombløding (perfusjon) i organa (til dømes lite urin, forvirring og umedvitne). Stundom er blodtrykket stabilt sjølv om personen er i sirkulatorisk sjokk, så lågt blodtrykk er ikkje alltid eit påliteleg teikn. Ein av farene ved sjokk er at det virkar gjennom positiv tilbakekopling. Når sjokket oppstår plar det å forverrast, og snarleg behandling er kritisk for å redda livet.

Sirkulatorisk sjokk er ikkje det same som mentalt sjokk, som er ein psykologisk tilstand som oppstår etter skremmande eller traumatiske hendingar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shock (circulatory)» frå , den 10. desember 2014. Wikipedia på Engelsk oppgav desse kjeldene:

Kategori:Akuttmedisinske tilstandar Kategori:Intensivmedisin Kategori:Dødsårsaker Kategori:Generelle symptom og teikn