mini|Domkyrkja i Utrecht. Erkebiskopen i Utrecht leiar den gammalkatolske kyrkjekongressen.
Gammalkatolikkar er ei religiøs gruppering som oppstod på 1700-talet grunna strid mellom ulike kyrkjesamfunn og paven. Dei godtek doktrinane frå dei sju kyrkjekonsila frå før det store skismet i 1054, og legg elles vekt på Vincent av Lérins si utsegn om å tru på «det alle, alle stader, alltid har trudd».«quod ubique, quod semper, quod ab omnibus creditum est». Bowker, John. «Vincentian Canon». The Concise Oxford Dictionary of World Religions. Oxford University Press, 2000;
Den jansenistiske Utrecht-kyrkja braut banda med Roma då ho blei ekskommunisert i 1724. Det første Vatikankonsilet i 1870 førte til meir usemje, der kyrkjer som mellom anna ikkje godtok trua på paven som ufeilbarleg, også blei ekskommuniserte. I 1889 gjekk nederlandske og tyske kyrkjer saman i Utrecht-unionen. Sidan har erkebiskopen av Utrecht vore leiaren for den internasjonale gammalkatolikk-kongressen.
Dei gammalkatolske kyrkjene er nært knytte til den anglikanske kyrkja, som dei er i kommunion med. Dei er også medlem av Kyrkjenes verdsråd.
Kjelder
«Old Catholic». Oxford Dictionary of English. Red. Stevenson, Angus. Oxford University Press, 2010.
«Old Catholics». World Encyclopedia, Philip's.
kategori:kristne samfunn kategori:religion på 1700-talet kategori:religion på 1800-talet kategori:religion i Nederland kategori:katolisisme