Umm Batin (arabisk أمّ باتين; hebraisk skrift אום בטין) eller Abu Kaf er ein beduin-landsby sør i Israel, som vart offisielt godkjend av styresmaktene i 2004.National Insurance Institute report, 2009 s.9
Han ligg nord i Negevørkenen, 12 km nordaust for Beer Sheva, adjacent to the highway 60, Umm Batin covers an area of roughly 6 000 dekar (1 480 acres).Formation of new town for the Negev beduin s.5-7
I 2012 hadde landsbyen 2 602 innbyggjarar.
Historie Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.
Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.
Landsbyen vart offisielt godkjend som landsby av regjeringa den 29. september 2003, i lag med åtte andre beduin-landsbyar (sju av dei i den tidlegare Abu Basma regionale kommune).Government resolutions passed in recent years regarding arabarane population of Israel The Abraham Fund Initiative
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Umm Batin» frå , den 7. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Umm Batin - Abu Basma regionale kommune
Kategori:Al-Kasom regionale kommune Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Beduinstader i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel