Beit Guvrin (hebraisk skrift בֵּית גֻּבְרִין, tyder Menneskehuset på arameisk) er ein kibbutz i Lakhish-området, vest for den antikke byen Beit Guvrin, som han er kalla opp etter. Han høyrer til Yoav regionale kommune. Kibbutzen ligg 14 km aust for Kiryat Gat og har eit folketal på 340.
Historie Kibbutzen Beit Guvrin vart grunnlagd i 1949, på Shavuot-kvelden, av tidlegare Palmach-medlemmar. Han vart bygd på landområdet til til den avfolka palestinske landsbyen Beit Jibrin, som flykta etter ordre frå dei lokale imamane under den arabisk-israelske krigen i 1948. Gives the cause and date of depopulation, p xxii #166. Dei første innbyggjarane var medlemmar av «Yetzivim» ungdomsgruppe, som emigrerte frå Tyrkia i 1945, og «Bnei Horin» ungdomsgruppe, som emigrerte frå Romania i 1946.
Landemerke Kibbutzen er omgjeve av ruinar frå Beit Guvrin frå 100- og 200-talet evt., som vart kalla Eleutheropolis, «byen av frie menn» av romarane.Around Jerusalem and the Dead Sea, Fodor Beit Guvrin-Maresha nasjonalpark er ein eit populært turistmål med grottermåleri, kolumbarium og ruinar av ein romersk by og etter krossfararane.
Sjå òg Beit Guvrin nasjonalpark
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Guvrin, Israel» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Yoav regionale kommune Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Arkeologiske stader i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel