mini|Mao Zedong (1927) Máo Zédōng () var leiar av det kinesiske kommunistpartiet frå 1935 og leiar av Folkerepublikken Kina frå 1954 fram til han døydde i 1976.
Leidd av Mao fekk partiet makta over størstedelen av Kina etter den kinesiske borgarkrigen. I Folkerepublikken Kina vert Mao gjeve æra for å ha skapt eit (nesten) sameint Kina utan utanlandsk innverknad for første gong sidan opiumskrigane. Samstundes er han kritisert for sin katastrofale økonomiske politikk, særleg under Det store spranget, for sitt brutale valdsstyre og den organiserte øydelegginga av kinesisk kultur under Kulturrevolusjonen. Mao er nokre gonger referert til som dei fire store: store lærar, store leiar, store øvstkommanderande og store styrmann (伟大导师,伟大领袖,伟大统帅,伟大舵手) . Kallenamnet formann Mao var det som vart best kjend i Vesten. Den politiske ideologien til Mao vert kalla maoisme.
Verk Eit utval av Mao sine tankar er attgjeve i Sitat frå Formann Mao Tse-Tung, kjend i Noreg som «Maos vesle raude».
Sjå òg Maoisme
Kjelder Asia Source biography Edgar Snow: Red Star Over China, 1937 Li Zhisui: The Private Life of Chairman Mao, 1996. Jasper Becker: Hungry Ghosts: Mao's Secret Famine, 1998. Phillip Short: Mao: A Life, 1999. Jung Chang og Jon Halliday: Mao: The Unknown Story, 2005.
Bakgrunnsstoff
Tekster av Mao Zedong ved akp.no
Kategori:Folk frå den kalde krigen Kategori:Kinesiske politikarar Kategori:Fødde i 1893 Kategori:Døde i 1976 Kategori:Kommunistiske politikarar