«Listesaka» var ei mykje omtalt nyhendesak i Noreg i 1977. Politiet gjekk i august 1977 til razzia mot avisa Ny Tid sitt redaksjonslokale i Oslo og beslagla lister med 600 namn over tilsette i dei løynlege tenestene som SV-aren Ivar Johansen hadde samla inn. Han hadde nytta opne kjelder som telefonkatalogen, Tjenestemannsbladet og Politibladet, og notert bilnummera til dei tilsette.
Saka starta med at Ny Tid hadde oppslag om at Noreg hadde gjeve finske nazistar opptrening til spionasje mot Sovjetunionen. Kjelda til denne artikkelen var major Svein Blindheim. I eit intervju om «Blindheimsaka» med Arbeiderbladet uttalte Ivar Johansen at han hadde namnelister på alle i dei løynlege tenestene i Noreg.
Før politiet rakk fram til redaksjonslokala vart listene flytta til Jan Otto Hauge si campingvogn på Solvang kolonihage i Oslo.
Ivar Johansen vart dømd til fengsel delvis på vilkår i eitt år, der han sona 60 dagar. Journalist Ingolf Håkon Teigene og Jan Otto Hauge, og dessutan informasjonssekretær i Club 7, Trond Jensen, fekk dommar på vilkår.
Sjå òg Ikkevold-saka Gleditsch/Wilkes-saka
Referansar
Kjelder
http://www.klassekampen.no/30085/article/item/null/listesaken--ar http://www.dagsavisen.no/oslo/listemannen-ivar-johansen-1.421164 http://www.nettavisen.no/na24/propaganda/--det-er-usigelig-trist/1110482.html http://www.ivarjohansen.no/dmdocuments/hoyesterettlliste.htm
Denne artikkelen bygger på «Listesaka» frå , den 14. oktober 2017.
Kategori:1977 i Noreg Kategori:Hendingar i 1977 Kategori:Journalistikk Kategori:Norske rettssaker Kategori:Norsk etterretning